mandag 29. desember 2008

Sjuk

Bedre imårra huska eg at eg skreiv sist.. imårra var igår, og ting var slettes ikkje betre. Faktisk så var dei jevlig mykje verre. Riktignok var det full sol frå skyfri himmel akkurat som eg hadde ønskt meg, men når eg våkna skjønte eg rimeleg fort at det ikkje kom til å hjelpe meg. Dundrande haudeverk, kvalme, tett nase og vond hals var berre noko av det som fekk meg til å skjønne at dette absolutt ikkje sku bli min dag.

Etter ein grufull dag i leiligheita der timane snegla seg avgårde og tilstanden ikkje blei noko betre, var det til slutt ikkje anna håp enn å prøve å komme seg til eit sjukhus. Heldigvis har eg Mahsa som fiksa og ordna! Ho hadde blitt kjent med ein lege på stranda, utruleg, men sant..:) Han var verdens hyggeligaste fyr og køyrde oss til sjukehuset og var med og oversatte for oss.

Mahsa sin legevenn foretok fortløpande diagnosar på dei ulike på venterommet, fortalte om hemoridar og imponerte storleg med sine språk-kunnskapar. Han prata spansk, portugisisk, fransk, engelsk, italiensk og etterkvar ein del norsk..:) Alikavel vart det ein laaaang time på venterommet før vi kom inn til legen. Han satte meg på intravenøs hydrering, sidan eg ikkje hadde orka å verken ete eller drikke så mykje, og tok blodprøver.

Det var imidlertid for tidlig å sei noko ved hjelp av blodprøver, det einaste dei kunne sjå var eg har fått eit virus av noko slag. Skal derfor tilbake om 48 timar (imårra kveld) for å ta nye prøver. Forhåpentligvis ekje det noko alvorleg. Eg har imidlertid fått aktivitetsforbud og må holde senga fram til imårra. Har fått litt "snacks" av legen som eg må ta kvar 6 time. At det naturligvis er det sol ute er jo heilt sjølvsagt.. treng eg vel nesten ikkje nevne.. det seier seg jo sjølv.. :(

Formen idag er heldigvis ein del betre enn igår, har framleis haudverk, vond hals og tett nase.. men kvalmen er eg heldigvis kvitt. Forhåpentligvis går det over av seg sjølv.

God bedring ,Vegar!! Takk, Vegar!

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden