onsdag 24. desember 2008

Julafta

Nett tilbake frå ein slapp juledag på stranda. Sol og glovarmt her denne veka, bra vi har aklimatisert oss over ein 6 vekers periode.. Vi fekk til slutt også fiksa betaling på husleiga.. om ein leitar lenge nok og har akseptert at ting kan ta fryktelig lang tid her i Brasil så finn ein til slutt ein bank som virkar.. :)

Elles var eg oppe tidlig og sprang ein tur langs Copacabana. Mahsa hadde desverre ikkje samme stå-på humør idag tidlig som i går kveld, så ho foretrakk solvarmt soverom istadanfor.;) Eg trur Air Master 7500 får ein hard jobb framover dei neste vekene om temperaturen held seg.

Klokka er vel omtrent kvart på julemiddag heime på Vallestad no. Sku gjerne vore dar, men som eit godt nr 2 alternativ er vi blitt invitert til julemiddag hos den samme familien som vi besøkte i Paqueta tidligare. Julemiddag, overnatting og julelunsj imårra. Dei likar jo veldig godt å ete, og det går rykter om at planen er å ete seg gjennom natta..:)

Håpar alle får ein fin julekveld!

Rio helsing frå Vegar og Mahsa!

2 Kommentarer:

Klokken 25. desember 2008 kl. 04:00 , Blogger Øyvind sa ...

Hola senor!

Får håpe du har hatt ei opplevelsesrik julaften hos en brasiliansk familie. Vi følger no med på bloggen din alle mann (og kvinne), og so får vi ta igjen julefeiringa i Norge til neste år.

Løye å feire jul uten deg, og det var vel all time low på pakkefronten under juletreet... men, men... sånn kan det gå!

Ellers har vi ete godt pinnekjøtt som vanlig, og sitt delar av sportskavalkaden gjennom året som har vært.

Ho mor trur ikkje du vil ha kommentara på bloggen din frå halvgamle mødre, så då får eg gje et livstegn frå familien Vallestad.

Alt vel her, og so ønskjer vi deg ei fin romjul og nyttårsfeiring i Rio. Det siste blir nok i hvert fall spektakulært kan eg tenkje meg! :)

Det er nåken artige fraser du kjem med i det du skriv, så du får satse på journalist-karriere du og om ikkje tannteknikk gjør susen i lengda.

Over og ut for denne gang.
Helsing Øyvind.

 
Klokken 27. desember 2008 kl. 14:32 , Blogger Tannstikka sa ...

Takk det samme..:)Du hadde vel alle tidars sjangse til å sette ny pinnekjøttrekord i år.. håpar du tok vare på den, for neste år er eg tilbake..;)

Du får helse til mamma.. Halvgamle mødre er dei eg aller helst vil ha kommentarar av.:)

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden