onsdag 10. desember 2008

Vasco kamp og mystisk forsvinning

Søndag skulle vise seg å bli ein innhaldsrik dag!


To gringos og ein som skal tidlig krøkast.. så lenge han er Vasco supporter så får han bu heime!

Som nevnt i forrige innlegg sku eg og Charlotte på Vasco da Gama kamp. Den viktigaste kampen i løpet av 105 år med klubbhistorie. I nyinnkjøpte Vasco skjorter og med to gode guidar vart vi plukka opp køyrt til stadion. Eit gammalt, ærverdig annlegg med plass til rundt 36000 publikum. Vasco er det einaste laget i toppdivsjonen frå Rio de Janeiro som har sin eigen stadion. Bortesupporterane må ha blitt avspist med knappe 10 bilettar og såg rimeleg bortkomne ut der dei satt gjerda inn og omgitt av militærpoliti borti ein krok av stadion.


Ordet bortesupporer har fått ein ny dimensjon!


5 min før kampstart.. noko meir "uorganisert" enn i Norge. Spelarane blei fortløpande intervjua direkte på radio under oppvarminga.


Guiden vår Antonio med direkte overføring frå dei andre kampane er foreløpig ved godt mot

Saken var klar. Vasco måtte vinne, samtidig som to lag forran på tabellen måtte avgi poeng. Til glede for dykk som ikkje likar fotball skal eg prøve å ikkje gjere dette til noko langdrygt kampreferat.
Mostandarlaget, Vitoria, opna best og hadde dei største sjangsane i første omgang sjølv om Vasco yppa seg og golla først. Gleden var imidlertid kortvarig og 35990 sparte ikkje på konfekten mot dei tre i gult når det sekundar seinare viste seg at det var flagga for offside. Vitoria nytta høvet og gjekk omtrent rett i angrep og scorte. 0-1 til bortelaget holdt seg til pause og kunne fort ha vert meir etter spel og sjangsar.



Andre omgang starta med eit massivt trøkk frå både publikum og Vascospelarane. Dei hadde tydelegvis lagt av seg litt av nervøsiteten i garderoben og rulla opp fleire fine angrep. Elendige avsluttningar og motstandarens keeper (Mannen som for øvrig slapp inn Romarios sitt mål nummer 1000), gjorde derimot sitt til at den forløysande scoringa nekta å komme. Dermed gjekk det som det ofte går. Motstandarane satte i gang ei kontring og fekk krangla ballen imål. 0-2.

Plutseleg vart det dødsstille på stadion. Ivertfall føltes det slik for oss som hadde kjent oss passe døve allerede ved pause. Det einaste som frameleis laga lyd var sambatrommene som gjekk over til ei slags monoton tromming. Dei som har sett Ringenes Herre, når Gandalv og følget reiser gjennom Minene i Moria, veit ka eg pratar om. Dette var på grensa til skummelt.

Skummelt skulle det også bli. Ifrå Vitoria scora eit kvarter ut i andre omgang til det var igjen ca 5 min av kampen, fekk eg med meg fint lite av det som skjedde på bana. Sekundar etter at Vitoria gjekk opp til 0-2 begynte folk å forlate stadion. Trufaste supportera kasta Vasco skjorta og forbanna laget, medan andre tok til tårene. I andre enden av svingen vi stod i begynte plutseleg galskapen. Halve svingen bevegde seg plutseleg 10 meter til høgre og sekundar seinare kom eit fjell av menneske andre vegen igjen. Slik fortsatte det, medan folk sprang hit og dit og røykgranatar vart kasta inn på bana. Eg er glad vi stod der vi stod, for innan tumultane nådde der vi var, hadde det roa seg betrakteleg.

Vasco da Gama tapte kampen 0-2 medan vi var meir opptatt av det som skjedde på tribunen. Dei rykkte dermed ned i 2 divisjon (norsk 1 div) for første gang i klubbens historie. Eit mektig og trist øyeblikk for klubbens trufaste supportera. Guiden vår måtte ha 20 min for seg sjølv etter kampslutt for å få kontroll på kjenslene, mendan vi venta på at stadion skulle tømme seg og dei skulle plukke opp sjølvmordshopparen på taket.


Mitt helikopter er lasta med militærpoliti som straks ska slå kloa i sjølvmordshopparen på taket nede til venstre

Når vi omsider kom oss ut frå stadion og tilbake til leiligheita viste det seg at Mahsa, som hadde vore åleine heime med mamman til Alex, hadde foretatt eit Houdini nummer og forsvunne i lause lufta. Ho hadde vore vekk sidan klokka var fire og når krølltoppen framleis ikkje hadde dukka opp og klokka begynte å nærme seg ti var vi begynt å bli rimeleg bekymra for ho.
Etter å ha gått gjennom ulike scenario og forsøkt å få fatt i dørvakta som hadde sett ho sist bestemte vi oss for å kontakte politiet. Etter å ha avkrefta for politimannen at det var ganske usannsylig at ho hadde gått til Favelaen for å kjøpe dop (vi viste at ho hadde nok på rommet etter å ha rota gjennom sakene hennar for å finne identifikasjonspapir), fraråda han oss å ringe og bekymre mamma og brødre heime i Norge.
Vi kunne heller reise rundt på ulike sjukehus og sjå om nokon som passa til beskrivelens var blitt innlagt. Som sagt så gjort, vi praia ein taxi og reiste Rio rundt på Mahsa-jakt, medan vi prøvde å la vær å bli alt for paranoide. Halv ett, på veg til sjukehuset for døde folk, fikk vi endeleg ein telefon frå vår kjære sambuar som nett hadde komme inn døra heime i leiligheita. Ho hadde treft ein kjekk kar på stranda og latt dømmekrafta segle sin eigen sjø.. :)
Heldigvis var det ikkje noko verre som hadde skjedd.. men ho måtte tåle litt kjeft frå bekymra sambuarar.

Iløpet av forrige helg vart vi også to fleire i leiligheita. Alex har fått besøk av mann og barn, Roger og Kristian skal vere med oss til vi reiser tilbake til Norge 6 januar.


Familien Malmstein gjennforent!

Elles har det vore fint vær denne veka.. perfekt for blant anna Sukkertoppen! Eg skal legge ut bilder darifrå så snart det let seg gjere!

Eg og Charlotte har nytta høvet no når det har vore sol og satt ein knallhard agenda med morgonsurfing på programmet kvar dag. Etter å ha vore litt motlause ei stund, har vi funne igjen gnisten og er overbevist om at vi skal knekke surfekoden rimeleg snart no.

Om nokon lærerar uforvarande sku snuble over denne bloggen; eg kan forsikre om at oppgåveskriving pressar vi inn i kvart ledige augneblink, eit ork, men det må gjerast det og!

2 Kommentarer:

Klokken 11. desember 2008 kl. 14:39 , Blogger half man, half amazing sa ...

Oh wee, det var eit actionfylt blogginnlegg.

PS. Romario e kongen.

 
Klokken 11. desember 2008 kl. 18:35 , Blogger Tannstikka sa ...

Det er i Rio ting skjer..:)

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden