fredag 14. november 2008

Flyturen til Rio

Grytidlig.. eller om du vil, gryseint, tirsdag natt satt ein trøtt gjeng på Gardermoen og venta spent på første opprop til Flight AF3447 til Paris. Denne gjengen skulle seinare bli uendeleg mykje trøttare, men dette hadde dei foreløpig stua nederst i bevistheita.







Mahsa nyt ein betre frukost og ser, i likeheit med Charlotte, uforskamma opplagt ut.. Alexsandra, tursjef og tolk, strekker seg i full overbevisning om at ingenting kan gå galt!


Flyturen til Paris gjekk egentlig overraskande fort, vi nytta høvet til å nyte dagens første servering av ei uendeleg oppkomme flymat.

Vi fikk dessverre ingen snegler i Paris. Istadanfor fikk vi servert ein stakkars livstruande stressa franskmann som halte oss gjennom passkontroll og innsjekk på noko som må ha vert tett oppunder verdensrekordtid.
Dette førte i si tid til at vi var framme ved gaten i relativt god tid, noko Alex og Mahsa såg på som ein utmerka muligheita til å stille shoppingabstinensane etter tre uvirksome timar i lufta.
Dette igjen påførte nesten Charlotte nervøst sammenbrudd, i og med at det kunne virke som shopping var viktigare enn boarding for dei to overnevnte, men det ordna seg.

Om bord i AF444 til Rio de Janeiro fekk vi god tid til å tenke gjennom livet for denne flyturen er lang, lang og laaaang.. heldigvis kunne vi underholde oss sjølve med multimediasenteret i stolryggen forran og endå meir flymat.

Brunostnista mi fekk eg derfor ikkje satt tenna i, og eg fabla noko om at eg sku spare den til julemiddag. Berre for å minnast gamlelandet. Jentene hadde ikkje slike problem, i og med at niste var eit framandord for dei. Imidlertid blei dei, som ofte jenter blir, senter for stor oppmerksomheit. Både i våken og sovande tilstand var dei umåteleg populære foto-objekt..:)


Endeleg.. etter 11 timar i flysetet.. Framme i Rio! Til stor glede fikk alle med seg bagasjen frå flyplassen, sjølv om Alexsandra måtte innom Air France og hente den siste kofferten sin. Den var blitt beslaglagt medan Alex brukte uforholdsmessig lang tid på duty free shoppen og transportbandet var slutta å gå for noko som, for meg personleg, virka som timar sidan..:)

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden