tirsdag 11. november 2008

Hei!

Denne bloggen er eit forsøk på å male levande reiseskildringar frå ein for dei fleste eksotisk og framand verden ved hjelp av kløktige skribleri og bilder som seier meir enn tusen ord.

Vi vil i løpet av dei neste vekene stifte bekjentskap med alle ekspedisjonsmedlemmane, men foreløpig er det berre meg, Vegar, som rapportera at alt er vel, sekken pakka og tannkremtuba pressa ned i ein hermetisk lukka plastpose.

Dei tre andre medlemmane har ifølge rapportane pakka.. pakka opp igjen.. og pakka på nytt.. opptil fleire gangar. Der i gården er ingenting overlatt til tilfeldigheitane!

Flyplanen slår fast at vi mellomlandar i Paris, byen som har satt loff, hjul og hatt på kartet for godt, i ni tida imårra tidlig.
Her rekknar eg med at vi opplagte og blide akkurat rekk å nyte ein betre frukost med crosaints og nyplukka sneglar før vi igjen spenner oss fast og tar av med kurs for Rio. Estimert ankomsttid 19.00 zulu tid.

Vel, noko meir er det vel igrunn unødvendig å skrive. Med undertegna i ein bart i ekte konemishandlerstil er det berre timar igjen før turen går til Brasil.

3 Kommentarer:

Klokken 11. november 2008 kl. 14:07 , Blogger half man, half amazing sa ...

Ser frem til å følge denne berykta nyoppstarta bloggen din dei neste to mnd'ene. Regner med å få rykende ferske nyheter og bilder fra Brazil på daglig basis. Godspeed cuz!

 
Klokken 11. november 2008 kl. 14:27 , Blogger Øyvind sa ...

Må sei, må sei! Eg ser du har anlagt bart til turen. Kor lenge har du planlagt at den skal vare? Ønsker deg nok en gang en fin tur, så får du ta vare på deg sjølv blant alle halvnakne brasilianske chicks på Copacabana.. Tenke det går greit ja:)

 
Klokken 12. november 2008 kl. 02:59 , Blogger Mari sa ...

Hei fetter Anton!
Vil berre gje deg ei lita heads up: ikkje rekne med at du får so masse tid i Paris.. Vi tok samme rute og endte opp med 800 m sprint på flyplassen for å nå flyet med 1 sec margin!!! :) and the french are not nice! :) Men du får egen tv-skjerm på flyet, og kan velge film sjøl :)
God tur, god tur!

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden