tirsdag 25. november 2008

Paqueta

Trass i det enkelte bekymra mødre sku tru, så les me norske nettaviser her i Rio også. Pust roleg folkens, vi leverte omgåande inn begge leigebilane våre med GPS og har no gått heilt over til privatsjåfør. Sålangt har vi heller ikkje sett noko til den kriminelle sida av Rio, bortsett frå ein kriminelt feit neger på t-bana.



Kveldstur til Paqueta

Helgeturen til Paqueta var ei studie i brasiliansk gjestfriheit. Vi fikk vere med på brasiliansk grillfest, noko som er vanlig kvar lørdag. Heile familien samlast, vennar blir invitert og det blir drukke og ete. Noko av det første vår brasilianske vertsfamilien lærte oss er at ein treng ikkje vere svolten for å ete, og lørdag er vekas store etedag! Helgas uventa høgdepunkt var bananpizza, noko vi hadde høyrt rykter om sku eksistere, men egentlig aldri hadde trudd på.
Pizzaen blir laga med pizzabunn, ein slags brasiliansk mozarellaost, banan, kanel og sukker. Og det smakte uuuutrulig godt..:)


Det var altso etter at dei endeleg klarte å bestemme seg for kvar vi sku sitte..


”Kom inn og sitt ned”
”Nei, sitt her”
”Kom no, de må komme inn og sette dokke”
”Kor skal de? Sitt, vær så snill”
”Vil dei ikkje sitte??”

Dess fleire bestemødre, dess meire styr..:)


Dubbletsykkling var populært på lørdag for å trimme fulle magar

Alex spelar imaginery chess

Drittværet, som overraska oss i Jardim Botanica, har nekta å forlate oss sidan. Her har vore meir eller mindre overskya og regn sidan før helga. Trasige greier, men i det minste er ikkje nokon av oss solbrente lenger.


På UERJ er dei hjelpsomme til tusen og ringer rundt og avtalar nye møter og plassar vi må sjå. Til helga skal vi til Penedo og vere med på ein konferanse med tannlegar. Bortsett frå det har vi nok å gjere med laboratoriebesøk og studiar på universitetet. Professorane og doktorane som det florerar av på UERJ er som sagt veldig hyggelige.. men dei talk too much.. for å komme oss unna når samtalane er begynt å bli veeel langdryge har vi begynt å fabrikere avtalar vi er nødt til å nå. Elles blir vi sittande fast til det gros mose på oss.


I løpet av oppholdet har vi ikkje kunne unngå å legge merke til at strandblokka vi bur i har ein brasiliansk celebritet i toppetasjen. Ein gammal arkitekt, som har designa halve Rio, får kvartalet sperra av med bevæpna soldatar kvar gang han stolprar seg gjennom utgangsdøra og skal på butikken og handle søtpoteter. Vi fekk smått skrekken ein kveld vi skulle ut og fant inngangspartiet beleira av noko som for oss ligna mistenkeleg på eit lynsjemobb for kvite folk. ”Faen, no ska dei ta oss” tenkte vi. Etter fem Ave Maria og fire Fadervår viste det seg imidlertid at det berre var fans som møtt opp for å levere eit brev til vår gode venn i toppetasjen.



Ufrivillig tatovering

I dag vart eg ufrivillig tatovert på stranda. Etter å ha sagt "nei, takk" tjue gangar fekk ein selger som var innpåsliten i høgste potens fatt i overarmen min og starta ”demonstrasjon” av tatoveringsteknikk med ei flaske med noko svart gugg på. Godtruande som eg var trudde eg berre han sku vise korleis tatoveringa kunne sjå ut. Høgste potens hadde imidlertid tenkt seg at eg sku betale i dyre dommar for dette ”demonstrasjonsforsøket” hans. Og der satt eg altso… godtruande, med nytatovert overarm og utan ei krone. Dermed starta ein hardnakka diskusjon om betaling.. Charlotte var heldigvis med og hadde sett seg ut potensielle muskuløse karar som kunne hjelpe meg om det sku ende i håndgemeng. Heldigvis løyste det seg med langvarig krangling og nokon sure blikk.. På pluss-sida har eg ein vaskebleika blekktatovering som vil vare i rundt 20 dagar. På minus-sida blir sannsynligvis snapshot av meg distribuert til ulike uønska individ as we speak..

Til slutt har vi tenkt litt over ting vi savnar: Eg savnar å kunne drikke vatn rett frå springen. Charlotte savnar ordentlig grovbrød. Mahsa savnar Askepott på julafta og Alex savnar å kunne gå til kiosken uten å måtte klamre seg til veska og føle at bandittane iakttar hennar minste bevegelse.


Men vi klare oss, vi klare oss..:)

3 Kommentarer:

Klokken 26. november 2008 kl. 05:42 , Blogger Synnøve sa ...

hehehe! Du har fått deg ei tatoveringa ja! Då gjekk jo draumen i oppfyllelse..? Kanskje ikkje den mest mystiske plassen då...!

 
Klokken 26. november 2008 kl. 17:22 , Blogger Tannstikka sa ...

Din draum kanskje.. :) Eg har jo som sagt ei i frå før..

 
Klokken 3. desember 2008 kl. 04:07 , Blogger half man, half amazing sa ...

Skjer det noe der borte, eller?

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden