onsdag 19. november 2008

Første veka i Rio

Etter hardt påtrykk frå trofaste leserar er eg tilbake med nok ei oppdatering frå Rio. Sidan sist har vi i nokolunde kronologisk rekkefølge hatt besøk av mamman til Alex som ho ikkje hadde sett på fleire år, drept ein kakkerlakk, surfa og solbrent oss (to fluer i ein smekk), opplevd sol og skuggesidene ved Rios sjekkemarked, vore i botanisk hage og nesten ein tur innom Universitetet. Noko for ein kvar smak, og stikk i strid med Jesus lære så startar eg med det første først.


Welcome to my world!

Mamman til Alex var, som dei fleste her nede, eit veldig hyggeleg bekjentskap. Ho diska opp med middag første dagen og tok til og med på seg å vaske klærne våre. Uheldigvis for ho, og for oss, vart ho sjuk og måtte reise heim igjen etter eit par dagar. Men ikkje før ho hadde sett si eldste datters urinnstinkt våkne til liv.. vi fikk nemleg uvelkomment besøk på baderommet seinare på kvelden.. ein velfødd og kjappfota kakkerlakk.

Dessverre for han havna han midt i skuddlinja for vår perfekt tima nyinnkjøpt kakkerlakkspray. Handlekraftig og nådelaust gjekk Alex til verks, for denne karen var ingen smågutt! Han hadde ledd rått av dei ”kakkerlakkane” vi fanga hos deg i Bergen, Synnøve. Ledd rått og så ete dei til frukost. I ein jafs. Stakkaren satsa alt på ein langsprint mot mørket under senga, men Alex viste ingen hensyn i si nye rolle som herskar over liv og død. Som David mot Goliat, om enn i noko omvendt rolle, svingte ho sprayboksen og sendte kakkerlakken til dei evige jaktmarker. Eg skal spare dei sarte blant lesarane for opprørande bilder frå hendinga.

Søndag var eg, Mahsa og Charlotte på Barra stranda og testa surfeforholda. Veldig moro og veldig vanskeleg, dessutan vart vi solbrent langt ut over kva som var bra for oss sjølv. “Skammens hud” som dei kallar det her i Rio (når huden flassar av) har allerede gjort store innhogg i andletet mitt. Her sku eg eigentleg ha posta eit bilde av mi eiga nase, men i og med at mamma også les denne bloggen så velge eg å beskrive den som normal farga med ørsmå tendensar til eit ytterst svakt rødskjær.

Elles har Alex dreve sitt eige personlige datingbyrå. Der ho med noko varierande suksessgrad har forsøkt å pimpe ei av jentene under kodenavnet Zuza*(sjå fotnote). Vel la oss vere ærlige. Suksessgraden ligg foreløpig på null prosent. Sjølv med inngåande kjennskap til kurtiserutinane her i Rio stranda det første spleiseforsøket frå frøken Amora med ein Bolo

For ein uinvidd kan kurtiserutinane her virke som reine tilfeldigheitar, men ein kan utifrå ein intrikat sammensettning av skjulte augekast, toalettbesøk og mengden av tid hannkjønnet bruker til å betale rekninga slå fast, innanfor ein rimeleg sikkerheitsmargin, graden av interesse. Eit hannkjønn som ifølge rapportane var Ben Afflecks tvillingbror sirkla i løpet av kvelden inn vakre Xuxa og avtalar blei gjort for vidare interaksjon neste kveld.

Dette gjekk imidlertid rimeleg dårlig, Affleck, den nissen, møtte trass avtale ikkje opp og Boloen var eit faktum. Muligens hadde dette med å gjere at vi uforvande satt og venta på ein bar i Rios homsedistrikt..:)
Brasilianara har uansett ein lei vane med å ikkje gje beskjed om dei kjem eller ikkje, så ein kan rekne med og bli sittande å vente i det uendelege. Til vanlig blir opp til ein times forsinkelse blir rekna som rimeleg greit utan at ein treng gje beskjed. Affleck verken såg eller høyrte vi imidlertid aldri til igjen.


Ikkje alt for dårlig humør trass i at Ben ikkje dukka opp..:)

Dårlig napp i på sjekkemarkedet kunne sannsynligvis blitt snudd til storfangst om vi hadde vore framsynte nok til å ta med oss fiskesnøre til vårt besøk i Jardim botanica på mandag. Eit usannsynlig høljregn forvandla den koselige turen vår til ein kamp mot naturen. Veiane blei plutseleg forandra til noko som minna meir om kanalane i Venecia og vi kunne angre bitter på at vi hadde på kasta på oss bukse og joggesko istadenfor sandalar og shorts.


Jardim Botanico frå si beste og verste side..

På grunn av den høge luftfuktigheita og ei inngrodd missnøye fra Alex mot å henge ting til tørk i vinduet så tar det fleire dagar å få tørka klær her. Fine folk tørkar nemleg ikkje klær i vinduet.. ein har tross alt litt høgare standar enn dei som bur i slummen. Til det vil eg berre sei at dei som bur i slummen har i det minste tørre klær.. og etterkvart som skittentøyhaugen veks så innser eg at eg snart når eit kritisk nivå når det gjeld akkurat det punktet.

På tirsdag endte vårt første forsøk på å komme oss til Universitet i Rio de Janeiro (UERJ) med ein bomtur på eit kjøpesenter i Botafogo med utsikt til sukkertoppen. To brasilianske pizza, meir is enn vi egentlig hadde lyst på og ei t-shorte seinare var vi tilbake i Copa. Når det regnar så gjer trafikken det til ei begredeleg oppgåve å komme seg nokon plass som helst.


Put some sugar in my bowl

Elles brukar vi halvparten av tida på å skulde kvarandre pengar og den andre halvparten på å låne kvarandre pengar. Det er til tider utrulig vanskeleg å få betalt med kort og tatt ut pengar, noko som til eikvar tid fører til eit sammensurium av veksling og kven skuldar kven kva.

No har vi vert i Rio i omtrent akkurat ei veke og tida fram til no har egentlig berre vore ferie. I dag var første dagen vi var på UERJ (Universitetet i Rio). Der blei vi tatt godt imot av professor Antonio og eit kobbel andre professorar og doktorar, så no blir det nok ein del oppgåveskriving framover.

(*Xuxa er for dei uinvidde ei smellvakker tv-vertinne innen SørAmerikansk tv-underholdning.)


Strandkunst på Ipanema

3 Kommentarer:

Klokken 21. november 2008 kl. 02:51 , Blogger half man, half amazing sa ...

Genialt. Du har en meget god penn, unge Vallestad :) Men kor høg er kassa du står på i bildet med Sukkertoppen i bakgrunnen? Eller er damene dine i den såkalla gråsona for kortvokste?

"Put some sugar in my bowl" Haha, eg held på å daue.. :D

 
Klokken 21. november 2008 kl. 07:11 , Blogger Synnøve sa ...

hahaha, heilt riktig! Ikkje pokker om damene dine e SO små! Og eit lite tips angåande kakkerlakka: rødbillene må få leve. OK?=) Trur vi har drept nok uskyldige små søte biller..

 
Klokken 23. november 2008 kl. 05:46 , Blogger Tannstikka sa ...

Hahaha.. kasse..:)? Dette er meg i Brasil folkens.. eg ruvar, som Lord Nelson, eit haud over folkemenda..

Nei, seriøst..Eg er jo ein kamelon når det gjeld høgda, det er den lange ryggen som gjer det.. proposjonane gjer at eg ser kortare ut enn eg egentlig er..

Mahsa helsar og seier at: Gode saker kommer i små pakker.. hahaha..:)

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden