lørdag 15. november 2008

Første møte med RIO

Vel nedbrakte i Rio hadde vi avtale med ein taxisjåfør om å plukke oss opp utanfor terminalen. Ikkje heilt enkelt i og med at beskrivelsen vi hadde å forholde oss til var ”liten og søt” og ”gul taxi”. Gule taxiar var det plenty av, små og søte var det manko på.

Nett før vi forberedte oss på å kapre ei anna drosje, bli køyrt tre rundar rundt Rio og bli svindla for ei lita månedslønn, dukka han opp som fugl Føniks av aska.

JAA.. Taxi!

Jonatan, som småen heitte, var ein særdeles hyggeleg fyr som på mirakuløst vis fikk stua 6 kofferta, 1 sekk, eit utall vesker og 5 folk inn i taxien sin. Kanskje ikkje så rart bilen hans var på verksted når vi trengte taxi og ringte neste dag.

Leiligheita på Copa fant vi etter litt om og men.. Alex ”The Boss” hadde av ein eller anna uforklarlig grunn IKKJE notert ned adressa før vi reiste frå Norge, utruleg frå frøken kontroll på kontinentet!




Rommet mitt!

Ei veldig hyggeleg dame kom og låste oss inn og viste oss the do`s and dont`s for leiligheita. For eksempel måtte vi ikkje skru på dusjen som om det gjaldt livet og det var slett ikkje var nødvendig å bruke alle sju låsane på døra. For vår eigen sikkerheit, teipa ho over 5 av dei.

Alex Pakkar ut!





Jentene, nokon av dei hadde juksa og sove halve flyturen til Rio, pakka ut og gjekk og handla. Eg var moerto (dødstrøtt) og stupte til sengs.





Vond Grop----------------------------->!
Neste dag våkna eg i ei grop til sol, sommar, tett nase og vond hals. Brilianti! Eg gjor mitt beste for å ignorere sjukdommen, skifte ut gropa og nyte ein betre frukost med ein skarp ein til dessert. Dette skulle gjere underverker for halsen ifølge jentene, eit orntlig kjærringråd!

Uansett sjuk eller ikkje, ingenting sku komme mellom meg og Copacabana! Så snart vi hadde vaska vekk kvart minste spor av frukosten slik at kakkerlakkane ikkje sku få ferten av oss, stakk vi på stranda..

Resten av dagen gjekk med til å kvi oss for å veksle pengar, drikke kokkosvann rett frå nøtta, teste badetemperaturen og lære oss den viktigaste glosa; naõ obrigado.. Nei takk!

Etter å ha praktisert sistnevnte 204 gangar stakk vi heim og kledde oss om til shopping og mat. Different shorts, same day.

Trass i at det var berre første dag sprengte eg og Charlotte budsjettet for resten av turen ved å gå til innkjøp av surfebrett.. eg gjor ivertfall..
Mamma? sende mere penger.. :)?

Om nokon lurer er det plass til 5 stk og 2 surfebrett i ei vanlig drosje.. men ikkje rekn med at sjåføren sett pris på det..

-Det går ikke!
Jo det går!
-Nei, det går IKKE!
JO, DET GÅR!

Vennlig overtalelse frå vår personlige surfebrettselger fikk til slutt overtalt taxisjåføren..:)

2 Kommentarer:

Klokken 16. november 2008 kl. 06:39 , Blogger Synnøve sa ...

SURFEBRETT!!!!! Gratulerer! Lucky punk..!

 
Klokken 16. november 2008 kl. 07:47 , Blogger half man, half amazing sa ...

Kult brett. Stilreint. I like it classy.

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden