søndag 7. desember 2008

Penedo og siste veke

Eg veit, eg veit.. bloggen har mista ein god porsjon framdrift i det siste.. dessverre har det seg slik at bloggen IKKJE ska inn til eksamensgodkjenning, i MOTSETTNING til eksamensoppgåva vi jobbe med for tida. Det LOGISKE er derfor å nedprioritere bloggen for øyeblikket.

Sist helg var vi i Penedo, ein plass unge (og gamle) elskande, drar på kjærleiksferie.. me drog imidlertid berre på ferie. Penedo ligg litt høgare i terrenget enn Rio (som ligg ved havet) og det kan vistnok vere ganske kjølig der. Rykta om temperaturen viste seg å vere betrakteleg overdrevne og ingen av oss fekk bruk for verken parkassen eller termodressen.
Vi nytta tida til å sjå litt av nasjonalparken i området, bade i fossefall og ete lokal pizza med ost som spesielt undertegna og Charlotte hadde store problem med å få fordøyd. Elles var vi på middag til ein av professorane som vi er blitt kjent med på UERJ og fekk omvisning på tannklinikken hans. Både pleasure og buisness i ein smekk altso... eller to kaniner i eit slag som dei seier her.

Veka har vi brukt til oppgåveskriving og strandliv.. det har vore sol, men ganske store bølge, så ingen av oss har fått noko meir teken på surfinga.

I dag skal Charlotte og eg på fotballkamp. Det er sesongen siste kamp og Vasco, eit av Rio (og Brasils) største klubblag, står i fare for å rykke ned i 1 divisjon. Dei er avhengig av å vinne samt at to lag forran dei på tabellen taper.. her ligg det altso til rette for spenning på eit høgt plan. For dei som er bekymra for at vi skal dø.. før, under eller etter kampen, så kan vi berolige med at vi har med opptil fleire lokale guidar som har lova på tru og ære at dei ska passe på oss, i tillegg til dette har vi gått til innkjøp av Vasco skjorter for å blende inn i mengden.

Til slutt har eg eit typisk eksempel på kva slags personar eg er på tur med her..

For ei stund sidan hadde eg ein rar draum om Cristo statuen som var blitt forvandla til ein gul kylling og stod og gol over Rio. Sakte men sikkert gjekk det opp for meg at kyllingen egentlig var ein telefonen, og at den ikkje hadde nokon umiddelbare planar om å slutte å gale. Vel, i og med at jentene hadde vore på byn, rekna eg med at galskapen sku gå over så snart dei kom seg til sengs, slik som det pleier å vere. Men gudane ska vete at slik var det ikkje i natt..

Jekelen holdt det gåande slik at eg vart nødt til å stå opp for å sjå ka som egentlig gjekk føre seg.. i ei elles mørklagt leiligheit låg det riktignok ein einsam telefon på stovebordet og skreik etter oppmerksomheit, men ingen av mine ”gode” venninner var i nærheita. Det viste seg ganske snart at det var ei feilaktig sluttning, for under utgangsdøra kunne eg plutseleg tydleg høyre: ”Det er LYS.. eg trur han er våken!!” EIn rask kikk gjennom kikholdet bekrefta mine mistanker.. der satt det ein betutta gjeng.. UTEN nøkkel.. det var jo for så vidt greit nok.. men no har eg blitt hundsa i ei veke for at EG ikkje stod opp og opna før.. Come on! Er det ikkje fleire enn meg som ser graden av ansvarsfråskriving vi snakke her?? But it`s okay, I aint mad.. J

1 Kommentarer:

Klokken 7. desember 2008 kl. 08:30 , Blogger Synnøve sa ...

Tuuuusen takk!! Eg veit du gjorde det for meg :)
Elles so ve eg sei at eg hadde definitivt hundsa deg, men ikkje for at du ikkje opna opp tidlegare, å neidu! Men fordi du SOM VANLIG ikkje blei me ut!!! Herre jemeni!!! Kom deg ut og fest som normale folk! =)

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden