torsdag 18. desember 2008

Sukkertoppen bilder

Ei stund sidan vi var på Sukkertoppen no.. ein solfylt dag i desember.. happy days.


Toppen som brasilianarane hentar sukkert sitt frå.. i våre dagar berre ein skugge av seg sjølv og i den seinare tid har det blitt iverksatt sterke restriksjonar mot å skrapa sukker frå sjølve fjellet, då ein risikerar at det vil forsvinne heilt.


Kristian.. berre barnet, men like bereist som sjølvaste Columbus. Her i samråd med sin gode venn Picapau (hakke hakkespett). Uvist ka dei diskuterar, sikkert noko faenskap..


Pappa Roger peikar og forklarar; "No skal du høyre, son min.. der nede budde det ein gang eit troll som spiste små ungar til frukost.. han pleie å riste dei over peis-ilden slik at dei blei sprø og fin.. "

Imens jobbar Mahsa med modell-looken sin..

Og Mamman til Alex synast at alt berre er fryd og gammen..


Chichas in the sun. Litt av Rio i bakgrunnen.

Eg vinkar inn eit helikopter.. "steady, STEADY!"


Innsida av Dinglo.. eller var det danglo? Sukkertoppen rett forrut. Splitt mine bramseil, Land O`hoi!


Vi nærmar oss dagens store mål med avgrunnen under oss..


Utsikt frå gondolbana, meg og Mahsa lure på om Kristus held eit lite auge med oss. Han står der like til venstre for det lodne haudet mitt.


Kristus held ivertfall eit auge med Malmsteinane.. Alex går for ei meir handfast tilnærming..

Rio centro.. med sin allmektige voktar


Copacabana.. huset vårt ligg i den bortaste enden..

Ei eller anna modelldame og det lange slepet hennar hadde fotoshoot på toppen mens vi var dar.. og sidan eg allerede hadde kameraet framme..


Kristian hadde funne det vanskeleg å få blund på auga forrige natt. Då er det godt å ha ei skulder å sove på.

Nokon kvastar og kvistar


Småen vakna fort til liv igjen, og Picapau fekk testa flygeegenskapane sine. Som dessverre ikkje var vidare imponerande.


Med Sukkertoppen kryssa av på lista over obligatoriske stadar å besøke, slappe vi av med noko godt å drikke og ein god middag.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden