tirsdag 16. desember 2008

Madonnakonsert

Det regne i Rio for tida.. har nesten ikkje vore sol på ei veke. Forsåvidt ganske greit, for vi hadde berre ergra oss over sol no, sidan vi sitt inne og gnage på eksamen alle mann..

Det kjem derfor ikkje nokon bilder før det blir litt ledigare på datafronten.. det tar så sjukt lang tid å laste..

Innmellom eksamen har eg fått pressa inn Harry Potter sine siste eventyr etter å ha tråla Rio for engelske bøker.. og me har til og med hatt pepperkakehusbaking... ikkje verst.. Roger hadde tatt med to ferdigfabrikerte reisverk frå gamlelandet som me snekra saman på søndag. Uheldigvis hadde me ikkje kalkulert for den høge luftfuktigheita.. så seks timar etter at kranselaget var avslutta låg huset i ruinar.. Det var ikkje mogleg for den fuktige konstruksjonen å holde si eiga vekt i julesnop.. tragiske bilete frå hendinga kjem seinare..

Igår var vi på Madonna konsert på Maracana stadion. Eg hadde vel høyrt omtrent tre av sangane før og var egentlig berre med på kjøtt og flesk.. sånn at eg kan skyrte av at.. "jajaja.. der har eg vert, slapp av mann.. såg Madonna der"..
Madonna var forresten seint ute til sitt eige selskap.. Me var akkurat begynt å kalle ho ganske lite smigrande, men ganske høglytte ting frå tribuna når den svarte Merca hennar rulla inn stadionporten. Skjønt, me hadde jo mora oss med å ta bølgen fram og tilbake eit par gangar så to timars venting etter oppvarmingsbandet gjekk jo som røyk..:)

Vi vart velsigna med ein skyfri himmel og showet hennar var veldig bra, sjølv om ho jevnlig kalte oss for "motherfuckers".. No veit eg ikkje akkurat ka ho legg i ordet, men eg trur munnen hennar treng ein grundig omgang med såpevask.. Ho holdt det gåande i litt over to timar før ho sa takk for seg, ingen moglegheit for noko ekstranummer der i gården.. Ho bur forresten like borte i gata her.. i ei vindskjeiv rønne dei kallar for "Copacabana Palace"... var vistnok fullt på alle dei "bra" hotella.. jaja.. seks stjerner ekje så gale det heller.. gullforgylt vask også har eg høyrt.. takke meg til oppvaskbenken vår i aluminum!

Det går bra med alle i hop, men det nærmar seg stygt avreise for ein av dei som har vore med oss frå starten av.. Charlotte pakkar snippeska si på søndag og set kursen for juleribbe, juleakevitt, julesnø, juletre og julekos.. Det blir trasigt.. for oss..:)

Det nærmar seg jul.. men julestemninga har ikke akkurat tatt over her.. regnet hjelper veldig på, tjue plussgrader mindre så hadde det vore som ei vanlig vestlandsjul..:)

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden