mandag 22. desember 2008

Favela!


Rio har tatt seg betrakteleg opp i den siste tida.. spenningsmessig, boligmessig og solmessig.. men Mahsa og eg har våre triste stunder no når vi sitt einsame tilbake.. forlatt av alle! Charlotte reiste heim til gode gamle Norge igår, for å feire jul på gamlemåten. Alex, Roger og Kristian har nett reist til Mamma Alex for å feire jul der, medan eg og Mahsa skal fortsette tilværet her på Copacabana i to veker til. I ei ny og knøttlita leiligheit litt bortanfor her.

Vanen tru tar eg det heile frå byrjan..

Lørdag for to dagar sidan holdt vi nesten på å stryke med heile bønsjen.. og det sørga vi heilt for sjølv, som ein annan gjeng med stupide gringos.. Vi har kanskje vore littegrann naive sidan vi ikkje har opplevd noko farlig her enda. Vi har sjølvsagt høyrt drøssevis av historier om ran og skyting og det som verre er.. som oftast frå Alexsandra. Men fram til lørdag hadde vi altso ikkje opplevd noko av det, og det hadde kanskje sneke seg inn ein tanke om at ho overdreiv.. :)

Det heile starta uskuldeg nok med at vi vart invitert med for å sjå brasiliansk samba. Vi burde jo egentlig komt oss i seng litt tidlig sidan vi sku opp tidleg neste morgon og fly hang-glider, men ein kan jo ikkje reise til Brasil utan å oppleve samba. Som dei seier her; det ville jo vore som å reise til Rom utan å sjå paven.

Fire glade baksetepasasjerar på veg til favela og samba!

Så vi praia ein taxi og satta kursen mot favelaen.. slummen.. der samba-skulanen trenar til DET karnevalet i februar. Vi vart forsikra om at det var heilt trygt å vere i området, sjølv om det var favela. Vi våga til og med å ta med oss kamera for å få tatt nokon sambablinkskudd. Turen gjekk fint, vi kom fram, det aula med folk, vi åt ertesuppe og prøvde å unngå å bli overkøyrt av dei evige motorsykkelgutta som tuta seg gjennom folkemengda med eksosrype bakpå. So far so good, dette gjekk strykande..

Heilt til vi skulle innanfor dørene for å få sett samba og oppdaga at vi hadde berekna ein litt lett behaldning med cash. Favelanen er heller ikkje den plassen som er best utstyrt med minibankar eller elektroniske betalingsterminalar. Ikkje det at du har vidare lyst å ta ut pengar av minibank midt i favelane, men det var altso ikkje noko alternativ her.
Så der stod vi og mangla 10R$ (ca 30 kroner). "Guiden" vår.. ein venn av Alex som også heiter Alex, prøvde å prate oss inn, men det nytta ikkje.. vi kom rett og slett ikkje inn.

Vel det var ikkje noko katastrofe.. vi hadde jo store planar for morgondagen og ein tidleg kveld var sikkert ikkje så dumt uansett. På veg tilbake gjennom folkemengda for å få fatt i ein ny taxi for å komme oss heim fikk vi til og med eit glimt av "kongen" av favelaen.. eller det vil sei, vi blei nesten fire tær fattigare når den svarte suv`en hans med trippelsota refleksvindu snegla seg forbi oss. Vi såg ikkje han personlig, men BILEN hans såg vi det minste.

Så var det tanken slo oss, vi måtte jo få tatt nokon bilder.. vi var jo tross alt i favelaen og når vi ikkje eingang hadde fått sett snurten av samba måtte vi jo i det minste ha noko å sjå tilbake på. Elles ville det jo vore.. ja, som å reise til Rom utan å sjå paven.. Dessutan virka det jo heilt ufarleg..

Vi knipsa nokon bilder og sette oss i taxien og knipsa nokon fleire bilder ut vinduet.. Då vart det plutseleg farleg rimeleg fort.. To karar hang plutseleg inn vindua på taxien og brølte eit eller anna om "fotos.. blablalbla.. fotos!" og sku absolutt ha fatt i kameraet. Dei pressa taxisjåføren til å skru av tenninga og ting vart litt hårete eit stund..
Taxisjåfør, som i takksemd for livet, køyrde oss heim for halv pris!
Mahsa, som var redd for at det sku bli det siste ho såg av kameraet, "mista" det på gulvet.. noko som ikkje akkurat roa stemninga.. Alex (guide) fekk imidlertid fatt idet og levert det ut vinduet.. betre å miste eit kamera enn livet..
No kom det heldigvis ein litt roligare tredjemann som tok hand om situasjonen. Det viste seg at dei var redd for at vi hadde tatt bilder av bevæpna vakter som var i området.. når dei fekk sjekka kameraet og konstatert av vi, i vår uvitenheit, ikkje hadde tatt bilde av nokon som kunne identifiserast som "deira" folk.. fekk vi utruleg nok igjen kameraet og det var berre smil og unnskyldningar.. og vi fikk fritt leide.. noko vi benytta oss av rimeleg kjapt.

Nokon av bilda frå den famøse bildeserien, "Two cap"nede til venstre på første bilde var ein av dei som gjekk amokk på oss..!

Vi takla det heile på litt forskjellige måtar, nokon av oss var vel ikkje heilt klar over kva situasjon vi nett hadde vore i.. medan andre såg for seg at det kunne endt med langt verre ting enn det gjorde.. heldigvis for oss gjekk det bra, men eg trur vi har lært at vi bør tenke oss om littegran betre neste gang.

Ein skremt gjeng på veg heim frå favelaen og samba!

Vel, det var skumlaste vi har opplevd til no.. dagen etterpå, søndag, var ein lang og innhaldsrik dag, men akkurat no orke eg ikkje skrive meir.. det går mot siste natta her i den fine leiligheita vår.. vi er blitt glad i den.. rart det der, kåken vokse på deg og det blir trist å flytte imårra.. skal prøve å få blogga litt meir seinare, om hang-gliding, Cristo Redentor og triste avskjedar..

Imårra er det lille-julafta.. Rart..:)

God Jul!

PS: Til jul ønske eg meg kommentarar på bloggen min.. hahahaha..:)
.

2 Kommentarer:

Klokken 23. desember 2008 kl. 05:35 , Blogger Sivert sa ...

Hei! Takker for en fin blogg. Hentet min søster på flyplassen i går kveld. Hun hadde mye fin å fortelle både om dere og Rio. Jeg og min mor ikke minst, har fulgt bloggen ukentlig å synes det har vært interessant å se hva dere har gjort og opplevd.
Charlotte syntes det var godt å komme hjem å få 'Hembåkkåkaku';-)
Vi vil fortsatt lese bloggen for å se hvordan dere har det i tiden fremover.
Vil med dette sende en julehilsen til dere som skal feire jul i Rio, å håper dere får en innholdsrik og trivelig julefeiring.
Hilsen hele Fam Steigedal

Hei her kommer en kommentar fra mor Eva:-)
E ha faktisk lest bloggen daglig e - bekymrede mødre treng oppdatering skjønne du. Men d ha gått bra takket være deg - kjempefin blogg. Skal følge me fortsatt :-) Håpe du å Mahsa får ei fin jule- og nyttårshelg sammen. Dåkk må itj fårrå nålles, som åss si på Medaling. Ellers så e dåkk vælkommen t eksotiske Trøndelag - itjnå e som trøndersk lynne og humor. Husk Storåsfestival i slutten juli! Chau Eva :-))

 
Klokken 23. desember 2008 kl. 17:46 , Blogger mada sa ...

Oi! Min første kommentar:D (smakker meg!) Vegar du er såååååå flink, eg e stolt av deg gutten min...!
spess det med favela historien din...jg lo ganske mye når jeg leste den, og når det hele skjedde (av sjokk selvsagt!!!)
STÅ PÅ!
gleder meg til å feire jul sammen med deg imorra=) det blir koselig assa:D feliz natal Vegarritto;)ps: nå har du fått en av jule gavene dine..hihi!

lover å skrive flere kommentarre...
besjos Mahsa

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden