tirsdag 23. desember 2008

Ny leiligheit

Sitt akkurat no med bærbar pc halvegs ut vindauget på den nye leiligheita vår. Utan eige internett bli vi nødt til å sette vår litt vår eine nabo som heldigvis har gløymt alt om sikkring av trådløst. Traff spikaren på haudet når det gjald akkurat det punktet!

Det var trist å flytte frå den gamle leiligheita, kjem til å savne utsikt mot havet, god plass og at ein berre kunne gå over vegen for å vere på stranda.. No har vi traska 3 gangar fram og tilbake langs Copacabana med alle tinga våre.. og kan endeleg slappe av litt.. Her er det knøttlite, vi delar seng og det kostar skjorta.. :)

Men det er reint og fint, så eg trur det kjem til å bli bra etterkvart. Ei koseleg bestemor som leiger ut til oss.. og påstår ho elske oss over alt på jord, men det bør jo jaggu med den prisen vi betalar.. :)

Vi slit imidlertid litt med finansane sidan banken ikkje klarar å gjennomføre transaksjonar.. noko som medfører at vi pr akkurat no ikkje er istand til å betale husleiga.. Bestemor har fått eit forskudd på 1000 R$ (3000nok), som foreløpig held ho på ein armlengdes avstand.. men som stort sett har tømt kontantbehaldninga vår.. forhåpentligvis løyser det seg i løpet av dagen, elles veit vi ikkje heilt kva vi skal gjere..

Bra å høyre at Charlotte har komt vel fram til Norge og veldig kjekt med kommentar frå Steigedalane.. :) Håpar det blir ei fin jul!

Savna å vere heime akkurat no.. blir trasigt imårra.. julafta.. utan pinnekjøtt og familien Vallestad.. ska prøve å unngå å tenke for mykje på det.. :(

Håpa alle heime har det bra!
Helse til mamma og pappa!

No er det tid for stranda her.. Mahsa får heilt angst om ho ikkje får utnytta sola skikkeleg.. :)

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden