lørdag 27. desember 2008

Diverse bilder frå dei to siste vekene


Me hadde invitert familien til Antonio (den av professorane på UERJ som har hjelpt oss mest) på pepperkakehuspynting. Alex tok ingen sjangsar når det gjaldt eigen kunstneriske friheit og har sove med melis-sprøyta under hovudputa i fire dagar, slik at ingen skal få muligheit til å starte før ho har gjort sitt.


Mange små og store flittige pyntehender. Charlotte sitt i bakgrunnen og observerar, ho har stålkontroll på vektratioen; kilo med julesnop vs luftfuktigheit.


Eit ny-hydeligt resultat! Lite ante vi om at huset allerede her er dømt til ein tidlig død.


Slik gjekk det... Taket har kolapsa, veggane har brutt saman.. I eit siste desperat forsøk på å redde grunnmuren var vi villige til å gå til ekstreme skritt.. frysen var siste utveg, men sjølv ikkje den kunne hjelpe oss. Tidenes kortaste pepperkakehushistorie er over, den varte i 6 timar.


Heldigvis hadde vi juleparade like rundt hjørnet som kunne muntre opp triste sinn. Juleparaden er fast innslag kvart år og går langs strandgata på Copacabana.


Coca-Cola bilane som sikkert ein del huskar frå tv-reklamer som fritt frå minnet til ein liten gutt frå vestlandet som berre har hatt nrk og tv2 lyd omtrent som..."holidays are coming... holidays are coming.. Allways Coca-Cola" eller noko sånt.. :)


I og med at vi på dette tidspunktet ikkje hadde nokon plass å bu, såg dette veeeldig fristandes ut.


Over til noko heilt anna.. Dette var siste dag Charlotte var med oss og me er tidlig oppe for å fly hang-glider! FETT..:) Charlotte og piloten hennar testar flygestillinga før take-off. Ho hadde sjølvsagt griseflaks og fikk den "kule" piloten som lot ho få styre litt medan dei flaug. Vi andre fekk berre huden full om vi så mykje som kom i nærheita av styremekanismen.

Pilot-Alex ser coool ut foreløpig.. kordan var nervane?


Alex tar av..!! Vi snakkar om å springe full fart ned eit "hustak" og kaste seg ut i tomme lufta.. scary shit.. For mitt eige vedkommande så holdt eg omtrent pusten i 30 sekund før eg klarte å få pressa litt livgjevande luft ned i lungene etter takeoffprosessen. Piloten min brukte også spesielt lang tid på "hustaket".. for å sjekke vinden som han sa. Herlig å stå der og vente mens ein stirrar døden i kvitauge..:)


Seinare på dagen hadde vi griseflaks igjen.. garantert fordi Charlotte var med her og.. og fikk SOOOOL medan vi var og såg på Cristo Redentor. I likeheit med tusenvis av andre folk (som og hadde funne ut at det var SOOOOOOL..)

Berre for å dokumenter at vi faktisk var der...:)

Til slutt så hiv eg med nokon bilder frå den nye leiligheita til meg og Mahsa. Den er lita, eg har større plass på studenhybelen min på Fjellbirkeland i Oslo, så det ekje akkurat stort her. Her er eg på kjøkkenet.. Der er det akkurat plass til ein mann! Badet er i samme kategori.. om ein skal til doen så må ein gå SIDELENGS forbi vasken for å komme fram.. her snakkar vi trangt!


Ikkje rart at eg og Mahsa har undra oss litt over innfallet bak dette GIGANTISKE stovebordet som har fått hedersplassen i leiligheita. Når vi sitt på kvar vår ende er det faktisk så stort at vi morar oss med å skli saltkverna over frå den eine til den andre.
Det var dei bilda eg hadde for hånda akkurat no. Charlotte har ein del bra på pcn sin som eg desverre gløymte å få overført før ho reiste. Men det kan vi kanksje ta igjen seinare..
Vi hadde forresten ei fin julafta med vår brasilanske familie. Vi blei henta klokka ti på kvelden for å ete ein sein middag. Dei et ikkje middag før etter klokka 12 (første juledag). Dei opna pakka og kosa seg og vi åt masse god mat. Fint for oss å sleppe å vere aleine på julafta!
Elles så er det begynt å regne igjen her.. men det ska bli betre imårra og framover

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden