torsdag 8. januar 2009

Norge!

Eg er tilbake! Det vart ein lang tur heim til Norge. Frå vi blei kasta ut frå leiligheita vår i Rio til eg var heime på Fjellbirkeland studentheim brukte eg 34 timar..

Flyet vårt frå Rio var forsinka med ca 6 timar, vi fikk ein tilgodelapp på litt snacks som vi brukte på ein restaurang på flyplassen. Sjølve flyturen frå Rio til Paris tok 10 timar, eg rakk akkurat å sjå tre filmar og fire episodar av ulike tv-seriar. Helst ville eg ha sove, men innklemt i eit knøttlite flysete med folk på alle kantar, så er det vanskeleg å finne "stemninga". Etter å ha vandra setelangs i ein times tid midt på natta og desperat vurdert muligheita av å legge seg ned i midtgangen, vart altso den vesle digitale skjermen i stolryggen forran redninga.

Rimeleg grå i trynet landa eg i Paris i to-tida lokal tid. Paris var kaldt! Ute var det snø og minusgrader.. hardt å komme rett frå 24 plussgrader i Rio!
Vi satt med hue og jakke på boardingområdet og tida gjekk forholdsvis seint fram til flyet til Oslo skulle gå. Det var også forsinka nesten med ein time.

Flyturen frå Paris til Oslo var overstått på tre timar og no var eg så trøtt at eg tilogmed fikk sove litt etter nok eit herleg delikatessemåltid med flymat.

Oslo var både kaldt og mørkt. Air France hadde rota vekk bagasjen min. Dei sku ringe når dei fant ut kor dei hadde somla den vekk. For alt eg veit har ein eller anna idiot sendt den til Pakistan eller noko lignande.
Desverre er eg dermed utan telefonisk kontakt sidan sim-kortet mitt ligg stua nederst i den manglande sekken min.

Etter ein lang tur sov eg 12 timar i strekk når eg først fikk lagt haudte på mi eiga pute! Fint med dyne og eiga seng igjen! Det raraste var at alt var så utrulig stilt.. ikkje ein lyd å høyre når eg la meg til å sove. Først no eg merkar eg kor mykje lyd og bråk det har vore heile tida i Rio. Alltid trafikk og masse lydar døgnet rundt.

Etter å ha komt over det første kuldesjokket har eg foreløpig tilpassa meg fint.. ;) Imårra er det skule og kvardag igjen.. blir eit hardt liv framover.. :)

Tusen takk til Charlotte, Mahsa, Alex, Roger og Christian for ein flott tur!!

tirsdag 6. januar 2009

Utsatt

Flyet er forsinka med opp til fem timar og vi er blitt kasta ut paa gata med tusen kilo bagasje av den ¨snille¨huseigaren vaar. Heldigvis fikk vi hjelp av ein grei porterier som kunne passe paa dei medan vi rek gatelangs og ventar paa aa ta taxi til flyplassen.

Uvist naar vi kjem heim til gamlelandet. Det kjem an paa kor lenge vi blir sittande i Paris og vente.

Eg har handla bok saa eg skal klare meg..:)

Peace!

mandag 5. januar 2009

Farvel Rio!

Turen vår går ugjennkalleleg mot slutten, det er under to døgn til vi sitt på flyet heimover til snødekte Noreg. Å komme heim til vinter, snø, skule og kvardag blir ein overgang, for å sei det mildt, men på ein måte blir det litt greit og. No har vi vore i Rio og omegn i nesten to mnd, og har opplevd det meste som byen har å by på.

Nyttårsfeiringa i Copa var ei oppleving, karnevalet i februar er det einaste som blir rekna som "større". Berre på Copacabana-stranda anslår dei at det er samla ca 2 mill mennesker kvart år. Dei fleste er kledd i kvitt for å symbolisere eit fredeleg nytt år og at dei kvittar seg med gamle "synder". Eg rakk akkurat å stable meg sånn nokonlunde på beina til å trekke i heilkvitt sjølv, etter å ha vore sengeliggande i omtrent fire dagar med min nære venn Mr Virus.
Nyttaarsfyreverkeriet over Copacabana! Muito bonito!

Sidan det ikkje er mulig å oppdrive nokon plass å ete om ein ikkje har bestilt fleire veker på førehand så hadde eg og Mahsa middag for oss sjølv. Biff med løk, eple og potetstappe. Personlig sleit eg med ettervirkningar etter dei siste dagane og ei tett nase umuliggjorde alle formar for smaksopplevingar. I ni tida, då rakettane gjekk i lufta heime, stakk vi på Copa. Mahsa var blitt kjent med nokon brasilianarar og hadde sjarmert seg fram til gratis inngang på ein av desse utandørs restaurang/barane som ligg langs stranda, noko som også kom meg til gode..:) Der fikk vi full oppvartning med fri drikke og mat og utsikt til nyttårs-fyrverkeriet.
Mahsa ventar paa fyrverkeriet!

Mahsa starta det nye året med nyttårsbad, men desverre utan klokke eller smykke som forsvant i bølgene..:) Men daa hadde eg tatt kvelden for lenge sidan.
Meir raketter!

Første nyttårsdag hadde vi eigentlig ikkje nokon planar, men litt ut på dagen fikk vi ein telefon frå Alex. Dei hadde fått beskjed om at ettersom dei hadde bytta pousada(hostel) og ikkje faatt refundert pengane kunne vi få bu der gratis. Etter litt kjapp hovudregning.. pengane står ikkje akkurat i kø på kontoen lenger, fant vi ut at det lot seg gjere å ta ein tur. Etter å ha pakka, ete middag og komt oss til buss-stasjonen på 40 min rakk vi akkurat aa komme oss med bussen. Buzios er desverre ganske populært på dette tidspunktet av aaret. Bussen brukte derfor 2 timar på å komme seg dit, og 2 timar på å komme seg gjennom sentrum på grunn av eit gigantisk kø. Seint og godt vart vi møtt av Alex som hadde brukt ventetida på å drikke og derfor var i strålande humør..:)

No skulle det seg imidlertid vise seg at pousadaen som vi skulle få bu på hadde hatt diverse problemer angåande ærligheita. Når vi ramla inn døra i respesjonen klokka 2 på natta viste det seg at rommet vårt "desverre" var blitt leig ut.. så der satt vi, midt på svarte natta, utan nokon plass å bu. Resepsjonisten kunne ikkje hjelpe oss stort, og alle andre pousadaer han ringte til var fulle. Etter mykje om og men, blei løysinga til slutt at vi måtte bu på rommet til Alex og familien.
Pousadaen vi kom til aa ende opp paa etter litt om og men. Alex prover aa kle paa ein vilter krabat paa stranda!
Neste dag ordna imidlertid alt seg, eigaren av pousadaen vi hadde vore innom forrige natt kom og beklaga og refunderte beløpet som var blitt lagt ut, og eg og Mahsa fikk rom på ein annan pousada. Han påstod også at vår "gode" venn resepsjonisten, gjekk ei utrygg framtid i arbeidsleidigheitskøa i møte, men desse brasilianarane seier no så mykje...:) Uansett.. det vakje vaart problem lenger saa vi stakk på stranda. Mindre enn Copa, men mykje reinare vatn og mindre folk.
Veldig fine strender og vatn i Buzios!

Resten av dagen gjekk med til strandliv, middag og bursdagsfeiring for Roger. Neste dag var vi ein liten tur på legevakta med Mahsa, som hadde trakka på ein fiendtlig innstilt plante dagen før og no hadde problem med å gå på foten. Etter litt naalestikking paa legevakta kom det seg ivertfall litt.
Christian over paa aa knytte skoa med flest mulig knuter, Alex nyt freden foer ho maa proeve aa knyte dei opp igjen!
Seinare reiste dei av oss som ikkje var alt for solbrent etter gårsdagen.. (stakkars Roger..) på båt-tur. Ein båt med det norsk-klingande navnet "Drakar" frakta oss rundt i skjærgarden rundt Buzios og hadde innlagte stopp for bading. Veldig fin tur!
Full baat og masse bading, dette var saan ein ser paa film, nydelig tur!

Etter to dagar i Buzios var det tid for meg å Mahsa å komme oss tilbake til Copa. Ein tverr bilettselgar hevda at bussen var full når vi kom og sku kjøpe bilett litt i seinaste laget, dermed kasta han oss ut og låste kontoret. Vi stilte oss imidlertid opp og venta på buss-stasjonen til alle var gaat ombord, daa fant heldigvis buss-sjåføren ut at han hadde minst eit par plassar ledig, og vips var eg og Mahsa tilbake i rute.

I Copa har det desverre vore regn og overskya dei siste dagane vaare, og vår naive nabo med usikra trådløst har desverre gått inni det nye året med større misstru til folk. Dette blir derfor dette det siste blogg-innlegget frå utlandet!

Vegar Vagabond vil nytte anledninga til å takke for alle kommentarar og hyggelege tilbakemeldingar!

Snakkast tilbake i Noreg! Farvel Rio!

Fred!



onsdag 31. desember 2008

Nyttår

Godt nyttår!!

Mahsa og eg elsker alle sammen og vi sku ønske at dere ikkje var her.. uuups.. dere er jo ikkje her.. :) Vi skal på Copacabana om 6 min, klokka er snart ni.. Merry New Year Norway!!!!!!!!!!!!!

Mahsa har litt for lite kjole på seg og litt FOR mykje glitterspray.. yeah, you know what I mean..;) Men det drit ho i for det er nyttår i RIO de JANEIRO!!!!!!!!!!

mandag 29. desember 2008

Sjuk

Bedre imårra huska eg at eg skreiv sist.. imårra var igår, og ting var slettes ikkje betre. Faktisk så var dei jevlig mykje verre. Riktignok var det full sol frå skyfri himmel akkurat som eg hadde ønskt meg, men når eg våkna skjønte eg rimeleg fort at det ikkje kom til å hjelpe meg. Dundrande haudeverk, kvalme, tett nase og vond hals var berre noko av det som fekk meg til å skjønne at dette absolutt ikkje sku bli min dag.

Etter ein grufull dag i leiligheita der timane snegla seg avgårde og tilstanden ikkje blei noko betre, var det til slutt ikkje anna håp enn å prøve å komme seg til eit sjukhus. Heldigvis har eg Mahsa som fiksa og ordna! Ho hadde blitt kjent med ein lege på stranda, utruleg, men sant..:) Han var verdens hyggeligaste fyr og køyrde oss til sjukehuset og var med og oversatte for oss.

Mahsa sin legevenn foretok fortløpande diagnosar på dei ulike på venterommet, fortalte om hemoridar og imponerte storleg med sine språk-kunnskapar. Han prata spansk, portugisisk, fransk, engelsk, italiensk og etterkvar ein del norsk..:) Alikavel vart det ein laaaang time på venterommet før vi kom inn til legen. Han satte meg på intravenøs hydrering, sidan eg ikkje hadde orka å verken ete eller drikke så mykje, og tok blodprøver.

Det var imidlertid for tidlig å sei noko ved hjelp av blodprøver, det einaste dei kunne sjå var eg har fått eit virus av noko slag. Skal derfor tilbake om 48 timar (imårra kveld) for å ta nye prøver. Forhåpentligvis ekje det noko alvorleg. Eg har imidlertid fått aktivitetsforbud og må holde senga fram til imårra. Har fått litt "snacks" av legen som eg må ta kvar 6 time. At det naturligvis er det sol ute er jo heilt sjølvsagt.. treng eg vel nesten ikkje nevne.. det seier seg jo sjølv.. :(

Formen idag er heldigvis ein del betre enn igår, har framleis haudverk, vond hals og tett nase.. men kvalmen er eg heldigvis kvitt. Forhåpentligvis går det over av seg sjølv.

God bedring ,Vegar!! Takk, Vegar!

lørdag 27. desember 2008

Diverse bilder frå dei to siste vekene


Me hadde invitert familien til Antonio (den av professorane på UERJ som har hjelpt oss mest) på pepperkakehuspynting. Alex tok ingen sjangsar når det gjaldt eigen kunstneriske friheit og har sove med melis-sprøyta under hovudputa i fire dagar, slik at ingen skal få muligheit til å starte før ho har gjort sitt.


Mange små og store flittige pyntehender. Charlotte sitt i bakgrunnen og observerar, ho har stålkontroll på vektratioen; kilo med julesnop vs luftfuktigheit.


Eit ny-hydeligt resultat! Lite ante vi om at huset allerede her er dømt til ein tidlig død.


Slik gjekk det... Taket har kolapsa, veggane har brutt saman.. I eit siste desperat forsøk på å redde grunnmuren var vi villige til å gå til ekstreme skritt.. frysen var siste utveg, men sjølv ikkje den kunne hjelpe oss. Tidenes kortaste pepperkakehushistorie er over, den varte i 6 timar.


Heldigvis hadde vi juleparade like rundt hjørnet som kunne muntre opp triste sinn. Juleparaden er fast innslag kvart år og går langs strandgata på Copacabana.


Coca-Cola bilane som sikkert ein del huskar frå tv-reklamer som fritt frå minnet til ein liten gutt frå vestlandet som berre har hatt nrk og tv2 lyd omtrent som..."holidays are coming... holidays are coming.. Allways Coca-Cola" eller noko sånt.. :)


I og med at vi på dette tidspunktet ikkje hadde nokon plass å bu, såg dette veeeldig fristandes ut.


Over til noko heilt anna.. Dette var siste dag Charlotte var med oss og me er tidlig oppe for å fly hang-glider! FETT..:) Charlotte og piloten hennar testar flygestillinga før take-off. Ho hadde sjølvsagt griseflaks og fikk den "kule" piloten som lot ho få styre litt medan dei flaug. Vi andre fekk berre huden full om vi så mykje som kom i nærheita av styremekanismen.

Pilot-Alex ser coool ut foreløpig.. kordan var nervane?


Alex tar av..!! Vi snakkar om å springe full fart ned eit "hustak" og kaste seg ut i tomme lufta.. scary shit.. For mitt eige vedkommande så holdt eg omtrent pusten i 30 sekund før eg klarte å få pressa litt livgjevande luft ned i lungene etter takeoffprosessen. Piloten min brukte også spesielt lang tid på "hustaket".. for å sjekke vinden som han sa. Herlig å stå der og vente mens ein stirrar døden i kvitauge..:)


Seinare på dagen hadde vi griseflaks igjen.. garantert fordi Charlotte var med her og.. og fikk SOOOOL medan vi var og såg på Cristo Redentor. I likeheit med tusenvis av andre folk (som og hadde funne ut at det var SOOOOOOL..)

Berre for å dokumenter at vi faktisk var der...:)

Til slutt så hiv eg med nokon bilder frå den nye leiligheita til meg og Mahsa. Den er lita, eg har større plass på studenhybelen min på Fjellbirkeland i Oslo, så det ekje akkurat stort her. Her er eg på kjøkkenet.. Der er det akkurat plass til ein mann! Badet er i samme kategori.. om ein skal til doen så må ein gå SIDELENGS forbi vasken for å komme fram.. her snakkar vi trangt!


Ikkje rart at eg og Mahsa har undra oss litt over innfallet bak dette GIGANTISKE stovebordet som har fått hedersplassen i leiligheita. Når vi sitt på kvar vår ende er det faktisk så stort at vi morar oss med å skli saltkverna over frå den eine til den andre.
Det var dei bilda eg hadde for hånda akkurat no. Charlotte har ein del bra på pcn sin som eg desverre gløymte å få overført før ho reiste. Men det kan vi kanksje ta igjen seinare..
Vi hadde forresten ei fin julafta med vår brasilanske familie. Vi blei henta klokka ti på kvelden for å ete ein sein middag. Dei et ikkje middag før etter klokka 12 (første juledag). Dei opna pakka og kosa seg og vi åt masse god mat. Fint for oss å sleppe å vere aleine på julafta!
Elles så er det begynt å regne igjen her.. men det ska bli betre imårra og framover

onsdag 24. desember 2008

Julafta

Nett tilbake frå ein slapp juledag på stranda. Sol og glovarmt her denne veka, bra vi har aklimatisert oss over ein 6 vekers periode.. Vi fekk til slutt også fiksa betaling på husleiga.. om ein leitar lenge nok og har akseptert at ting kan ta fryktelig lang tid her i Brasil så finn ein til slutt ein bank som virkar.. :)

Elles var eg oppe tidlig og sprang ein tur langs Copacabana. Mahsa hadde desverre ikkje samme stå-på humør idag tidlig som i går kveld, så ho foretrakk solvarmt soverom istadanfor.;) Eg trur Air Master 7500 får ein hard jobb framover dei neste vekene om temperaturen held seg.

Klokka er vel omtrent kvart på julemiddag heime på Vallestad no. Sku gjerne vore dar, men som eit godt nr 2 alternativ er vi blitt invitert til julemiddag hos den samme familien som vi besøkte i Paqueta tidligare. Julemiddag, overnatting og julelunsj imårra. Dei likar jo veldig godt å ete, og det går rykter om at planen er å ete seg gjennom natta..:)

Håpar alle får ein fin julekveld!

Rio helsing frå Vegar og Mahsa!