torsdag 8. januar 2009

Norge!

Eg er tilbake! Det vart ein lang tur heim til Norge. Frå vi blei kasta ut frå leiligheita vår i Rio til eg var heime på Fjellbirkeland studentheim brukte eg 34 timar..

Flyet vårt frå Rio var forsinka med ca 6 timar, vi fikk ein tilgodelapp på litt snacks som vi brukte på ein restaurang på flyplassen. Sjølve flyturen frå Rio til Paris tok 10 timar, eg rakk akkurat å sjå tre filmar og fire episodar av ulike tv-seriar. Helst ville eg ha sove, men innklemt i eit knøttlite flysete med folk på alle kantar, så er det vanskeleg å finne "stemninga". Etter å ha vandra setelangs i ein times tid midt på natta og desperat vurdert muligheita av å legge seg ned i midtgangen, vart altso den vesle digitale skjermen i stolryggen forran redninga.

Rimeleg grå i trynet landa eg i Paris i to-tida lokal tid. Paris var kaldt! Ute var det snø og minusgrader.. hardt å komme rett frå 24 plussgrader i Rio!
Vi satt med hue og jakke på boardingområdet og tida gjekk forholdsvis seint fram til flyet til Oslo skulle gå. Det var også forsinka nesten med ein time.

Flyturen frå Paris til Oslo var overstått på tre timar og no var eg så trøtt at eg tilogmed fikk sove litt etter nok eit herleg delikatessemåltid med flymat.

Oslo var både kaldt og mørkt. Air France hadde rota vekk bagasjen min. Dei sku ringe når dei fant ut kor dei hadde somla den vekk. For alt eg veit har ein eller anna idiot sendt den til Pakistan eller noko lignande.
Desverre er eg dermed utan telefonisk kontakt sidan sim-kortet mitt ligg stua nederst i den manglande sekken min.

Etter ein lang tur sov eg 12 timar i strekk når eg først fikk lagt haudte på mi eiga pute! Fint med dyne og eiga seng igjen! Det raraste var at alt var så utrulig stilt.. ikkje ein lyd å høyre når eg la meg til å sove. Først no eg merkar eg kor mykje lyd og bråk det har vore heile tida i Rio. Alltid trafikk og masse lydar døgnet rundt.

Etter å ha komt over det første kuldesjokket har eg foreløpig tilpassa meg fint.. ;) Imårra er det skule og kvardag igjen.. blir eit hardt liv framover.. :)

Tusen takk til Charlotte, Mahsa, Alex, Roger og Christian for ein flott tur!!

2 Kommentarer:

Klokken 9. januar 2009 kl. 08:56 , Blogger mada sa ...

ja det var en laaaaaaaaaaaaang tur hjem....!masse ned og oppturer, men det gikk bra til slutt;)

denne turen kommer jeg aldri til å glemme...det har vært 2 av de BESTE månedene i hele mitt liv!
vi alle er forkjellige men like samtidig. jeg lærte mye av denne turen, av hver o en av dere, Alex, Vegar og sist men ikke minst Charlotte, det å være positiv HELE TIDA...;) takk charlott:¤
jeg vil takke Vegaritto for den kule, fine, minneverdige og muito morsomme bloggen:D
oxo vil jeg takke Alex for at hun gjorde turen mulig for oss alle:) muito obrigada! :)

takk for alle de fine minnene mi amigos...OBRIGADA!

love and peace
Chiqichita (Mahsa)

 
Klokken 11. januar 2009 kl. 07:32 , Blogger Unknown sa ...

Olá Vegarazzi,
Jeg syndes blogg din er så artig. Du er flink til å skrive og tror du har en forfatter sjela;)
Når gjelder om de 2 mnd i Rio kan jeg si at det var perfekt egentlig. Alt gikk bra stort sett, bortsett da dere ikke hørte da "Boss" sa: "Favela? Nei, nei, nei. Hehe!
Vi har opplevde en del stress, mest pga eksamen, selvsagt, men ellers vi hadde mest moro.
Interessant å se hvordan vi alle 4 var så forskjellig og det tok jeg det som en lærerik opplevelse. Noen hyggelige øyeblikker som jeg ble aldri lei å se: Når du og Chris lekte sammen og når Chiquitita og Xuxa forberedet (Pyntet) seg til "nightliv".
På slutt føler jeg meg heldig og jeg vil takke dere for alle dagene sammen og savner sterkt Rio og dere.
Stor klem
The boss (Grrrrrrr:o)

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden